Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Nandor Helgheim er administrerande direktør i Enivest. Foto: Bjørn Tore Paulen
Nandor Helgheim er administrerande direktør i Enivest.

Enivest og Eviny Breiband fusjonerer

Publisert Sist oppdatert

— Ved å slå saman to slike selskap i ein marknad som er i ferd med å endre seg, styrkar me moglegheita for å vidareutvikle og forsterke tilbodet vårt. Det legg eit solid grunnlag for fortsett god drift og god tilgang i tenestenettet – dette er bra for kundane våre, opplyser Nandor Helgheim, administrerande direktør i Enivest i ei pressemelding måndag føremiddag.

Selskapet har hovudkontor i Førde i Sunnfjord og leverer breibandstenester i mange kommunar i Vestland fylke nord for Sognefjorden.
At Enivest no får eit utvida geografisk område med kundar og tilsette i Sunnhordland ser Helgheim på som positivt.
-Det at me samlar oss om ei felles løysing som totalt sett blir styrka, forsterkar også posisjonen i lokalsamfunna. Dette er to områder og to selskap som passar godt saman. Me ser fram til å bygge dette vidare, og vere med på å styrke vestlandet som region.

— I Tysnes og Etne skal me halde fram med å levere Altibox-tenester i samarbeid med Haugaland Kraft Fiber, og ha same lokale bemanning som no, fortel Ingrid Helen Haaland som er dagleg leiar i Eviny Breiband.

Powered by Labrador CMS