Engelsk kan bli hovudspråk på enkelte norske skular
Regjeringa vurderer no om offentleg skule skal få internasjonale klassar der engelsk kan bli hovudspråk.
– Me vurderer no, mellom anna basert på erfaringane frå forsøket i Oslo kommune, om regelverket bør endrast slik at den offentlege skulen i Noreg òg kan romma eit internasjonalt opplæringstilbod, skriv statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap) i Kunnskapsdepartementet i ein e-post til NRK.
Hovudspråket skal vera norsk eller samisk i den offentlege grunnskulen, står det i opplæringslova.
Annonse
Dei som ønskjer undervisning på andre språk, er tilviste til private skular. Opplæring må endrast for at også den offentlege skulen skal ha internasjonale klassar.
Regjeringa varslar avklaring allereie i haust.
(NPK)