Bibelselskapet vil gjere endringar i den nye omsetjinga av Bibelen neste år. Bruken av ordet jøde» skal endrast for å unngå antisemittisme.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NP
Endrar bruken av ordet jøde» i Bibelen
I den nye utgåva av Bibelen som kjem neste år, kjem utgivaren Bibelselskapet til å endre bruken av ordet jøde» for å unngå antisemittisme.
Endringa vil bli gjort i Johannesevangeliet, og ordet vil bli erstatta med dei jødiske leiarane» eller mengda», alt ut frå kva som gir meining. Nokre stader er det inga endring, skriv Dagen.
Ordet jødane» har i Johannesevangeliet fått eit ganske gjennomgåande negativt preg», heiter det i argumentasjonen frå Bibelselskapet.
Historisk sett har teksten vorte teken til inntekt for antisemittiske haldningar, noko som mellom anna prega kyrkja i mellomalderen, skriv avisa.