Ellen Hatteland skal inspirere syinteresserte under eit arrangement i Ølen komande onsdag.Arkivfoto
Ellen Hatteland skal inspirere
Ellen Hatteland frå Vats kjem onsdag 30. september til Vindafjord bibliotek for å fortelja korleis ho går fram når ho skaper sine flotte plagg. Ellen Hatteland er for mange kjent frå Symesterskapet» på NRK, kor ho under tidspress laga flotte plagg av nye stoff og i redesign.
Med seg har ho mannekengar, slik at ein verkeleg får høve til å sjå kjolane og studere detaljane. Kvelden er eit samarbeid mellom Sjoar-akademiet og Vindaverkstaden. Grunna smittevern er det påmelding via telefon og eit avgrensa tal på publikum.