Eldreomsorg – eit spørsmål om respekt og livskvalitet

Me høyrer om Framstegspartiet som vil privatisere desse tenestene, medan dei raud-grøne sitt mantra er […]

Publisert Sist oppdatert

Me høyrer om Framstegspartiet som vil privatisere desse tenestene, medan dei raud-grøne sitt mantra er at alle tenester skal vere drive av kommunen. Privatisering kan svekke den enkelte sine rettar, mellom anna ved bustadgjering av sjukeheimsplassar, medan offentleg drift kan umyndiggjere brukarane ved å redusere valfridomen i tillegg til å binde midlar som kunne brukast til andre kommunale oppgåver.
Vindafjord Høgre ynskjer òg at private aktørar kan tilby omsorgstenester, men ein er klar over at i ein liten kommune som Vindafjord er det lite realistisk med konkurranseutsetjing av tenestene. Små kommunar bør ha ei sikker og føresjåande teneste. Kjernen i tenesta må vere dei to sjukeheimane. Dette for å sikre at dei som treng stor grad av omsorg og pleie, samt rehabilitering, får høve til god livskvalitet og helse.
Vindafjord Høgre meiner at det har vore ein suksess med bemanna omsorgsbustader i Vats. Dette er ei trygg og stimulerande omsorg for dei som ikkje greier seg åleine. Vindafjord Høgre ynskjer å vidareutvikle dette omsorgsnivået. Stoltenberg-regjeringa og Høgre sentralt har òg signalisert at dette er framtidsretta og god eldreomsorg ved å satse på stønad til drift av sjukeheimar og bemanna omsorgsbustader i den vidare eldresatsinga.
I Vindafjord har me omsorgsbustader i Skjold (Nageltunet) og Vikedal (Vikedal burettslag) som vil vere gode lokale for ei bemanna omsorgsbustadteneste. I tillegg vil dette kunne vere aktuelt i Vikebygd og Ølen. For Vindafjord Høgre er det viktig at dei gamle skal vere ein del av bygdesamfunna våre heile livet. Eit omsorgssenter med bemanning vil gje fleire høve til å bu i heimbygda. Me tenkjer oss bemanning frå morgon til sein kveld, der ein også får høve til fritidsaktivitetar. Me tenkjer oss at heimetenesta medverkar ved trong for pleie frå to personar og i nattevaktordning.
Ved å satse på denne type omsorgsteneste vil me i større grad avlaste trongen for sjukeheimsplassar. Me får då høve til å tilby fleire rehabiliteringsplassar og avlastningsplassar til dei som pleier sine sjuke gamle heime. For ein del vil faktisk ein bemanna omsorgsbustad vere ein god avlastingsplass, og det til ein langt billegare penge enn ein sjukeheimsplass.
Vindafjord Høgre ynskjer ei eldreomsorg der brukarane får reell valfridom til å velje den tenesta ein til ei kvar tid har trong for. Brukarane skal òg kjenne seg trygge på at dei får den hjelpa dei treng når dell makt?]]> http://www.grannar.no/ 2009-02-16 08:25:00.0 <![CDATA[Grannar Avis]]>

<![CDATA[Gjennom Grannar tok eg opp dagens legesituasjon i Skånevik. Eg fekk det svaret eg forventa. I sist formannskap vart legesituasjonen drøfta. Etter det har rådmann Hetland stadfesta at hans utsegn var referert korrekt, og at det var ein eingongssituasjon. Gledeleg å høyra, men det samsvarar ikkje med plakaten som heng på venterommet ved Helsesenteret i dag måndag 27. november. Ingen lege i Skånevik denne veka v/48, men ein dag i neste veke v/49, vert det lege ved kontoret.» Alle som har behov blir vist til lege i Etne. Dette er ikkje nytt. Heilt utruleg. Etne kommune har fem legar. To skal nå avvikle to vekers ferie. Meiner helseleiar at dette er ei god og rettferdig fordeling av tenesta til brukarane? Nå har mange onsdagar vore utan lege, kva blir det neste? Med så ustabile situasjonar som det blir lagt opp til, har ikkje brukarane noko val, dei må reise til Etne. Samfunnsøkonomisk er dette uhøyrt. Helseleiaren har i samråd med legane prioritert slik, vert det sagt. Politikarar, nå må de vakne. Ja, alle bygdefolk. Kommunen bygde helsesenter i Skånevik i 1992. Kvifor blir dei politiske vedtaka gjort? Jo, me skulle sikre bygda å ha gode kontortilhøve for lege og dei andre helsefunksjonane. Og folk skulle ha eit godt tilbod. Med over fire hundre arbeidsplassar i bygda, derav fleire bedrifter med farefullt arbeid, må me ha lov å krevja lege i nærleiken. For oss som har fått levd ei stund og følgd med utviklinga, syner det seg at enkelte arbeider målretta med legetilhøva. Skal me godta dette? Tenk på konsekvensane. Er dette god service frå legane? Fordel legane rettferdig, då vil brukarane få ein stabil situasjon. Til den legen i Etne helsesenter som har mange fastlegepasientar frå Skånevik, kunne det vore ein tanke å ta ein dag i veka i Skånevik, i staden å tilrå pasientane å reise. Tenk litt økonomi, ikkje berre på dykk sjølve. Eg er godt nøgd med min fastlege i Skånevik. Sambygding prøv du det same. Gudbjørg Christophersen

<
Powered by Labrador CMS