– Dei to største farane er å bli overoppheta og dehydrering. Begge kan få alvorlege konsekvensar, seier Geri Selbæk.
Eldre toler varmen dårlegare: Desse teikna må ein vere obs på
I sommar har store delar av Europa vore prega av hetebølgjer med temperaturar over 40 grader. Sjølv om vi i Noreg førebels har vore skåna frå slike temperaturar er det likevel viktig å vere på vakt, meiner forskingssjef Geir Selbæk til forskning.no.
– Dei to største farane er å bli overoppheta og dehydrering. Begge kan få alvorlege konsekvensar, seier Selbæk.
Under hetebølgja i 2022 døydde mange menneske i Europa som direkte følgje av varmen. Omkring 90 prosent av dei var over 65 år.