Ekteskap startar med grå kvardag
Den grå kvardagen som vil møte nye Vindafjord, kan ein lese ut av Vindafjord og […]
Den grå kvardagen som vil møte nye Vindafjord, kan ein lese ut av Vindafjord og Ølen sin budsjett for neste år. Begge kommunane bruker meir pengar enn dei har inntekter til.
For Ølen sin del dreier det seg om ein million kroner frå overskotet i 2003 som blir ført inn i drifta i 2005. Vindafjord har ein kunstig andedrett på nærmare fem millionar kroner ved at kommunen lar vere å betale avdrag på lån i 2005.
Når ikkje målet
Sagt med andre ord brukar begge kommunane meir pengar enn dei har inntekter til. Men for Vindafjord sin del vil truleg staten rette opp litt med auka momskompensasjon.
Men for nye Vindafjord og rådmann Helge Thorheim vil kvardagen uansett starte med å kutte i budsjettet. Han får ikkje den balansen i økonomien som var målet når arbeidet startar med eit felles budsjett for 2006. Det er kort sagt minus på driftskontoen.
Det var eit heilt klart mål for den nye kommunen at Ølen og Vindafjord ikkje skulle ha uoppgjorte rekningar som fell ut av skapet når samanslåinga nærma seg. Dette målet vil dei to kommunane ikkje klare.
Forklaringa på det er felles mål nummer to; nemleg at ingen av kommunane skulle gjennomføre større endringar i drifta før samanslåinga.
Trøbbel i innspurten
— Det viste seg vanskeleg å klare å oppfylle begge desse måla. Det var ønskeleg om den økonomiske situasjonen var litt annleis enn den blir, seier Arne Bergsvåg i Ølen.
Vindafjord-ordførar Reidar Håvas meiner dei to kommunane ikkje har hatt rom til å ordne på økonomien fordi det vil kome i konflikt med omstillingsprosessen som er i gang.
— Men eg har aldri trudd at den økonomiske situasjonen skal bli betre i den nye kommunen samanlikna med dei to andre. Det er ikkje ei god løysing at vi har fått det slik, og det blir ei vanskeleg oppgåve for det nye kommunestyret å starte med, seier han.
I følgje Håvås er det manglande skatteinngang, momskompensasjonen og ein KLP-rekning som har skapt trøbbel for Vindafjord.
Har kutta
Men begge kommune har spara ein del kroner trass i ubalansen. For Ølen sin del handlar det om ein generell tre prosent kutt som vil slå tilfeldig ut alt etter kor det er pengar å spare i tenestene.
Vindafjord stoler på 1,5 millionar ekstra etter budsjettforliket regjeringa må ha i boks, og ein million i skjønsmidlar frå fylkesmannen. I tillegg skal kommunen spare 1,6 millionar kroner på færre innkjøp av varer og tenester, og over ein million på å kutte i vikarar og kurs. Og dessutan den store posten som bergar neste års budsjett ved å la vere å betale 4,74 millionar kroner på kommunen sine lån.