Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Eksplosivt i Skjold

Publisert Sist oppdatert

Det er visse ting du aldri i livet må finna på å gjera. Ein skal til dømes aldri føna håret om ein står til knes i vatn. Ei heller skal du klatra opp Galdhøpiggen i klogger, og om du veddar på at du kan sjå førestillinga Rock of Ages – utan at rockefoten trampar takten, ja då er du truleg ganske skrudd.

For UL Skjoldafjord har slått på stortromma igjen. Etter lang tid med førebuing er det komande torsdag premiere på musikalen Rock of Ages, som også blir sett opp fredag og laurdag i Skjold. I tillegg skal aktørane til både kulturhuset i Tysvær og Festiviteten i Haugesund. Som alltid kan UL Skjoldafjord skilta med solide songarar, flinke koreografar, kreative scenearbeidarar og eit fantastisk band som løftar førestillinga til det profesjonelle. Det er rett og slett ei oppleving å vera vitne til livet i baren The Bourbon Room på The Strip i Hollywood, der ein får bli kjende med Sherrie Christian, Drew Boyle, Justice Charlier, Stacee Jaxx og mange fleire. Trass den syltynne handlinga, er musikken, kleda, menneska og kjærleiken i Rock of Ages ein fest ein definitivt bør få med seg.

— Eg er sikker på at publikum kjem til å sitja igjen med ei oppleving som rommar vanvittig mykje god 80-talsmusikk og god humor. Me er ein god gjeng som har hatt det fantastisk kjekt i lag med dette prosjektet, seier Kjetil Ohm som saman med Elisabeth Stople Gregersen, Brian Nielsen og Ann Mari Tjoflot sit på dei fire store rollene i musikalen.

Powered by Labrador CMS