Grindavika på Store Romsa er favoritten for Kristian Hauge ein fin sommardag. Då pleier det å vere fullt opp av båtar i denne idyllen.
Foto: Jon Edvardsen
Eit øyrike av dei sjeldne
Romsa-øyane er ei blanding av sjøliv, friluftsliv og kulturhistorie knytt til folka som budde der og bygningane som står igjen. Båtfolket sitt paradis ligg i Bjoafjorden nesten i krysset mot Skånevikfjorden, men er likevel lunare enn fastlandet på Bjoa. Det er varmekjære vekstar eit eksempel på.
Med rett baug og italiensk eleganse over båten, tar Kristian Hauge med på ein rundtur ved Romsa-øyane. Han er med i Kystlaget Romsa og har hatt øyane som ein del av livet sidan han var liten.
Det var først og fremst på Store Romsa han kjende til folket gjennom talrike besøk i oppveksten.