I NRK s supermåling for juni, ei landsdekkande meiningsmåling før stortingsvalet, kjem det fram at Høgre no tronar på toppen på Vestlandet. Både blant veljarane i Rogaland (30,4 prosent), Hordaland (27,3 prosent) og Møre og Romsdal (23 prosent) er partiet heilt på topp, medan Sogn og Fjordane er eit unntak, der gjer Senterpartiet det klart best med 40,3 prosent, medan Høgre ligg på 11,4 prosent.
Men sjølv om Høgre samla gjer det bra i landsdelen, er resultatet for KrF og Venstre så svakt at dei raudgrøne partia får eit knapt fleirtal. KrF og Venstre tapar fleire utjamningsmandat til SV og Raudt. Samla har dei raudgrøne 22 mot 20 mandat frå dei fire vestlandsfylka.
— Vestlandet er sjølvsagt utruleg viktig for ein valsiger. Det viste seg for åtte år sidan da vi fekk den borgarlege regjeringa, seier andrekandidat for Høgre i Hordaland, Ove Trellevik, til NRK.
Høgres tredjekandidat i Møre og Romsdal, Monica Molvær, er svært nøgd med resultatet i eige fylke, og trur at det er fleire ting som speler inn.
— Det har jo aldri vorte bygd meir veg enn det blir gjort no. Vi har fått vedtak om 700 statlege arbeidsplassar til fylket, og det har vorte auka satsing på elevar som fell utanfor undervisninga på grunn av pandemien, seier ho til NRK.
Nasjonalt viser målinga at dei raudgrøne ligg best an. Dei borgarlege partia ligg an til å få 65 mandat på Stortinget.
Raudt fram i Rogaland
Raudt går fram 1,5 prosentpoeng, til 3,7 prosent i Rogaland, viser supermålinga til NRK.
— Det er strålande nyheiter, og all time high» i Noregs blåaste fylke. Vi er på stø kurs mot Stortinget, seier Mimir Kristjansson, førstekandidat for Raudt Rogaland, til NRK.
Raudt er partiet som veks nest mest i Rogaland etter Arbeidarpartiet, viser NRKs andre meiningsmåling før valet. Medan Ap går frå 19,3 prosent til 22,2 prosent i fylket, går Raudt frå 2,2 prosent på målinga i april, til 3,7 prosent no i juni. Høgre er framleis det største partiet i fylket, det var dei òg sist.
Førsteamanuensis i statsvitskap Ann-Karin Tennås Holmen ved Universitetet i Stavanger seier til NRK at SV, MDG og Raudt kjempar om dei same stemmene. MDG mister veljarar til Raudt, men dei får også veljarar frå SV.
— Det er eit varsku til alle dei som tar det for gitt at SV vil vere representert frå Rogaland på Stortinget frå hausten av. Vi har ein jobb å gjere, seier førstekandidat Ingrid Fiskaa (SV).
Ho meiner likevel det er positivt at Raudt er like store som SV og at det er fint med ei sterk venstreside.