— Ein eventyrleg arbeidsplass
Det blei trongt om plassen inne på Vindafjordmuseet i Vikedal då den nye utstillinga NATO-stasjonen på Lysenuten Kald krig, varme historier» opna torsdag kveld. Tidlegare tilsette ved hysj-hysj-stasjonen, bygdefolk og tilreisande hadde tatt turen til museet for å få eit innblikk i livet ved det militæret anlegget som var i drift frå 1955 til 1991, i ei tid då kalde krigsgufsar bles over Europa.
Trivst på nuten
Per Bakkedal frå Imsland vaks opp under Lysenuten, og var ein av fleire lokale som fekk seg arbeid på NATO-stasjonen der oppe, 812 meter over havet. Her jobba han med drift og vedlikehald av sambandsutstyr frå 1974 og like til slutten.