Ein av fem på Nav-tiltak var i jobb etter tre månader
Ein av fem av alle som fekk arbeidsretta oppfølging frå Nav i fjor haust, hadde komme ut i jobb etter tre månader.
Nav har laga ein indikator som skal måle kor godt etaten lykkast med å hjelpe folk ut i arbeidslivet.
I september i fjor fekk 300.700 personar arbeidsretta oppfølging. I desember var 19,4 prosent av dei i jobb, det vil seie at dei arbeidde minst 19 timar i veka.
Dette er 0,6 prosentpoeng færre enn Nav hadde venta. Men samanlikna med året i førevegen ser ein framgang.
– Utviklinga er positiv, og det er bra. No skal vi bruke indikatoren til å gjere djuptgåande analysar av Navs arbeid, slik at vi kan jobbe endå meir kunnskapsbasert i framtida, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.
Arbeidsindikatoren måler bidraget til Nav samanlikna med kva Nav tidlegare har fått til – ikkje samanlikna med om Nav ikkje hadde eksistert.
(NPK)