I 2018 sykla Henning Aarekol frå Oslo til Paris for å samla inn pengar til Barnekreftforeningen. Her har dei pause, og saman med Aarekol på dette bildet, er Sveinar Rødne (t.v) som peiker på skuldra som fekk seg ein trøkk då sykkelturen til Paris enda med fall for vindafjordingen. — Alt for ei god sak, seier Aarekol.
FOTO: PRIVAT
Ei flaske frå alle
Ein større humørspreiar og mann med stå-på-vilje enn Henning Aarekol skal ein leita lenge etter, og med sitt usedvanlege pågangsmot har han no bestemt seg for å samla inn seks millionar kroner til Barnekreftforeningen. Og han er ikkje eit sekund i tvil om at han klarar det. Aarekol har lenge vore engasjert i Team Rynkeby som mellom anna syklar frå Oslo til Paris kvar sommar, for å samla inn pengar til nettopp Barnekreftforeningen.
— Greitt nok er eg forferdeleg dårleg i matematikk, men er eg sikker på at me skal klara å samla inn seks millionar kroner innan 1. August 2021, seier han ganske så overbevisande.
Han har også ein plan for korleis han skal klara dette.