Illustrasjonsfoto
Egg og rømme på hus
I Skjold skal nokon eller nokre ha kasta egg og rømme på eit hus, samt utført hærverk på ein bil. Politiet fekk melding om hendinga i går, torsdag klokka 10, og har vore på staden for å gjere undersøkingar. Det fortel Thomas Wahl, fungerande lensmann i Etne og Vindafjord.
Den fornærma som bur i huset er ein mann i byrjinga av 60-åra, medan det er bror hans som skal ha fått bilen sin utsett for hærverk.
— Det kan verke som at nokon er på tokt. Det er funne gjenstandar som kan knytast til gjerningsmann, seier Wahl.