Kontrollen blei utført på Seljestad kontrollstasjon.
ARKIVFOTO: GOOGLE STREET VIEW
E134-kontroll: Mange køyretøy med feil på lys
Statens vegvesen gjennomførte fredag kveld ein større kontroll på Seljestad kontrollstasjon, retta mot både tunge og lette køyretøy. Føremålet med kontrollen var å betre trafikktryggleiken og førebyggje ulukker ved å sikre at køyretøya følgjer tryggleiksstandardane.
91 kontrollerte
Av dei 91 køyretøya som passerte kontrollstasjonen, var 81 av dei tunge køyretøy og 10 lette.
Under kontrollen vart det avdekt at seks køyretøy hadde tekniske manglar, hovudsakleg knytta til feil på lys. Ein bilførar fekk eit gebyr på 3.000 kroner fordi bilen sitt kjennemerke var skjult av ekstralys. Vidare vart eit vogntog ilagt eit gebyr på 9.700 kroner for overlast, i tillegg til å få bruksforbod, heiter det i ei melding til pressa.
Måtte laste av
Det vart òg registrert problem med lastsikring og vektavgrensingar hos fleire varebilar. To av desse måtte laste av for å tilpasse seg lovleg vekt før dei kunne halde fram køyringa, medan tre andre sjåførar måtte sikre lasta si betre. Totalt fekk tre førarar bruksforbod på grunn av manglande bremselys.