Statens Vegvesen sin utbyggingsdirektørm Kjell Inge Davik, sa at behovet for nye E134 Bakka-Solheim er stort. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Statens Vegvesen sin utbyggingsdirektørm Kjell Inge Davik, sa at behovet for nye E134 Bakka-Solheim er stort.

E 134 Bakka-Solheim

E134 Bakka-Solheim: — Me veit at behovet er stort

Om få veker kjem regjeringa sitt forslag til ny Nasjonal transportplan (NTP). Lokalt er det store spørsmålet knytt til E134 Bakka-Solheim, og ikkje minst kva som skjer om den ikkje kjem med. — Me veit at behovet er stort, seier Vegvesenet sin utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik til Grannar.

Publisert Sist oppdatert

I år er det ni år sidan kommunestyra i Etne og Vindafjord vedtok kommunedelplanen for E134 Bakka-Solheim, i tråd med Statens Vegvesen sitt råd for å rekke neste rullering av Nasjonal transportplan, som er det førande dokumentet for samferdsleprosjekt med statleg finansiering. Skuffelsen var difor stor då den ikkje var nemnd.

Ingen lekkasjar

Torsdag var halve» Veg-Noreg samla til vegkonferanse i Aksdal for å få ein status frå Vegvesenet på prosjekt dei har i folden sin. 180 påmelde frå både Statens Vegvesen, entreprenørar politikarar og andre forkjemparar for vegprosjekt på heile Sørvestlandet var til stades på arrangement som var i regi av Haugaland Vekst, i samarbeid med næringsforeiningar på Vestlandet, E134 Haukelivegen AS og Hordfast AS.

Konferansen blei innleia med ein film produsert for interesseselskapet E134 Haukelivegen AS, kor hovudfokuset var på nettopp E134 og dei smale og farlege parsellane på strekninga Bakka-Mo spesielt. Men i kor stor grad filmen gjorde inntrykk på regjeringspartia sine representant i salen er ikkje godt å seie. Det som er på det reine var at det ikkje kom noko som likna på ein lekkasje frå dokumentet alle ventar på.

— Aldri be ein statssekretær om lekkasjar, for dei plar ikkje ver så gode som dei statsråden kjem med, sa Tom Kalsås (Ap), statssekretær i Samferdsledepartementet til konferansier Tormod Andreassen i starten av møtet.

— Behovet er stort

Statens Vegvesen sin utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik seier til Grannar at etaten no ventar på marsjordrar i den komande NTP-en.

— Men at behovet er stort der, det veit vi, seier han når Grannar spør om framtida for Bakka-Solheim-prosjektet spesielt.

Han er samstundes klar på at Bakka-Mo er den parsellen kor ein heilt openbert må byggje heilt ny veg.

— Så får vi sjå vidare vestover korleis me skal byggje resten.

— Om Bakka-Solheim, i ein eller anna variant, får prioritering i NTP, kor raskt kan Vegvesenet starte arbeidet?

— Om pengane kjem tidleg, kan me starte opp raskt, seier han.

Går ut på dato

Det er på det reine at kommunedelplanen for Bakka-Solheim, som blei vedtatt av dei respektive kommunestyra i Etne og Vindafjord i 2015, med tilhøyrande bandlegging av store areal for mange grunneigarar i Etne og Vindafjord i desse dagar går ut på dato. Eit av spørsmåla er om kommunestyra no skal stadfeste den eksisterande kommuneplanen eller lage ein heilt ny.

Ein film vinkla spesielt mot dei smale partia rundt Håfoss på E134 i Etne innleia vegkonferansen i Aksdal.

— Det er noko me må i dialog med kommunen om når me ser resultatet av NTP-en, seier han.

Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) seier at spørsmål kring ei eventuell stadfesting av eksisterande kommunedelplan for Bakka-Solheim er noko ein no ser på, og legg til at Etne kommune ønskjer å vidareføre eksisterande kommunedelplan.

Reguleringsplanperioden for Bakka-Solheim går ut i desse dagar. Først når ny NTP kjem til våren får ein svar på kva som skjer vidare, mellom anna med gjeldande bandlegging av areala i kommunedelplanen.ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN

— Me ønskjer ikkje å gjere noko som kan vere til hinder for ei regulering den dagen midlane til vegen kjem, poengterer ho.

— Kva signal får du i høve til Bakka-Solheim om dagen?

— Det er veldig stille, og då er det også vanskeleg å tolke. Men eg er evig optimist, og jobbar i høve til å på verke i mitt eiga parti, andre stortingspolitikarar og Vegvesenet seier ho.

— Jobbar på spreng

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) sa elles til forsamlinga, kor mellom anna fylkesordførarane var til stades, at det blir jobba på spreng med NTP, og at ambisjonen er at regjeringa skal leggje den fram før påske.

Statssekretær Tom Kalsås (t.v.) i samtale med konferansier Tormod Andreassen under vegkonferansen i Aksdal torsdag.

Men slo fast at ønskjelistenes tid er forbi når det kjem til NTP.

— Vi må bli enno flinkare til å ta vare på den infrastrukturen me har. Så må me utbetre der me kan og sjølvsagt byggje nytt der det er behov for det. Og det er fleire plassar, sa Kalsås.

Han la til at me no lever i urolege, tider kor det er store forventningar og store behov på andre områder og.

— Helsesektoren og forsvarssektoren er nokre av område som og vil ha behov for store midlar i åra som kjem, sa han.

Og at ein del forkjemparar for store prosjekt må førebu seg på nedturar.

— Nokon vil bli skuffa, men det er noko me må stå i, sa han.

Røldal og Rogfast

Han trakk elles fram at det ser ut til at det kan bli oppstart på Røldal-Seljestad-tunnelen i år, og at framdrifta i Rogfast-prosjektet er god.

— Armen til Kvitsøy er sprengt ut og det er god framdrift frå Bokn i nord og Randaberg i sør. Og den siste store kontrakten skal snart ut i marknaden, så det er det god framdrift, konkluderte han.

Eit anna prosjekt rett utanfor Grannar-distriktet som ser ut til få ein snarleg realisering er rassikringsprosjektet i Lovreide-Rødsliane i Suldal, eit prosjekt som er kostnadsberekna til rett over ein milliard kroner.

Powered by Labrador CMS