Fôrskandalen førte til at tonnevis med egg vart kalla tilbake.
Foto: Thomas Andersen / NTB/ NPK
Dyrehelserapporten: Fôrskandalen fekk alvorlege følgjer for helsa til dyra
I februar vart det kjent at ein feil hos Felleskjøpet førte til at det vart tilsett for mykje vitamin D i produksjon av kraftfôr.
Fem svinebesetningar og åtte verpehøns-besetningar fekk det feilproduserte fôret.
Dyrehelserapporten som vart lansert torsdag viser at grisene som fekk fôret mellom anna fekk beinskjørheit, skade på hjarte, stemmeband og nyrer, og dessutan nedsett allmenntilstand, opplyser Nationen.