Årets festivalsommar vert noko dyrare enn fjorårets ser ein på billettprisane. Tons of Rock er ein av Noregs største festivalar og var ein av festivalane som auka prisane sine opp frå fjorårets.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dyrare festivalsommar i år enn i fjor
Ifølgje tal frå SSB steig varene for kategorien kultur og fritid utan avgiftsendringar med 4 prosent frå juni i år til i fjor. Prisveksten elles i samfunnet enda på 2,6 prosent i det same tidsrommet. Generelt held prisveksten for kultur og fritid seg litt høgare enn prisveksten elles.
I ei uhøgtidleg undersøking gjennomført av E24
, kjem det fram at det ved fleire av dei største festivalane i landet var meir enn 10 prosent dyrare billettar i år enn i fjor. Eit festivalpass på Findings festival i Oslo kosta i år 1999,- mot 1699,- i fjor, ein auke på 15,01 prosent. Billettar til Vinjerock, Bergenfest og Tons of Rock, auka med høvesvis 3,42, 5,41 og 9,45 prosent.
For arrangørane er det vanleg å bekymre seg for at publikum droppar å kome på festival om billettprisane aukar, trass i at årsaka er knytt til prisstigning på for eksempel elige av utstyr eller auka artisthonorar.