— Jo, takk, her går det bra, seier Roar Knudsen når Grannar slår på tråden for å høyre litt meir om korleis det går, og kvifor dei no søkjer etter nye medarbeidarar.
Verksemda produserer dører, i hovudsak retta mot næringsbygg, og moderne bustadar. Kundane er hovudsak store aktørar innan bygg og anlegg på Austlandet, men også nokre på Haugalandet og i Sunnhordland.
— Den eine stillinga er for å erstatte ein polsk medarbeidar som ikkje fekk korona-restriksjonar med tilhøyrande karantenekrav til å gå opp med familielivet, og valde å slutte. Den andre er ei utviding av staben, og det vil gi rom for å satse meir på ulike utviklingsprosjekt, fortel han.