Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Døra på gløtt for Etne

Fylkesutvalet vedtok torsdag administrasjonen sitt framlegg til finansiering av Kvinnherdpakken.

Eit framlegg som i utgangspunktet betyr at det blir innkrevjing av bompengar til prosjektet på ferja mellom Skånevik og Utåker. Dette har som kjent ført til sterke protestar i Etne kommune, og i Skånevik-samfunnet spesielt. Både fordi prisen på ferjebilletten blir nesten dobla, og at ingen av pengane vil kome prosjekt på den smale og farlige fylkesveg 48 mellom Skånevik og E134 i Stordalen.

Men sjølv om det var fylkesrådmannen sitt forslag som vart vedtatt torsdag, har fylkesutvalet har sett døra på gløtt når det gjeld spørsmålet om å ta inn finansiering av vegprosjekt på Etne si side av ferjesambandet. For i eit tilleggspunkt til vedtok Fylkesutvalet å be administrasjonen undersøkje om Kvinnheradpakken også kan finansiere tiltak i Etne/Stord kommunar, til dømes knytta til miljøgateprosjektet eller utbetring av snøggbåtkaien, og kva konsekvensar dette eventuelt vil få for den vidare prosessen.

Powered by Labrador CMS