Donerte bort barndomsheimen
Stiftelsen Gjestgjevargarden fekk 1. november ei uventa gåve då tidlegare skåneviksbu Lars Waldra Tungesvik (89) overførte eigedomen sin i Skånevik til den dugnadsdrivne stiftinga.
Like oppe i lia ved omsorgssenteret i Skånevik ligg eit koseleg kvitmåla hus omgitt av ein stor hage og med ei praktfull utsikt over fjord og fjell. Her trødde 89 år gamle Lars Waldra Tungesvik sine barnesko og her budde han fram til han som vaksen flytta til Bergen for å ta seg arbeid. Barndomsheimen besøkte han både titt og ofte opp gjennom åra, og då han han la rekneskapsjobben i Bergen kommune på hylla fekk han enda betre tid til å reisa til heimbygda.
Gjestgjevargarden i sentrum blei ein fast møtestad der han kunne treffa vener og kjente, og han sette stor pris på stundene han hadde her saman med bygdefolket. Tungesvik var sjølv einebarn og hadde ingen direkte arvingar etter seg, og som takk for mange gode stunder i det gamle gjestgjevarhuset og for det gode arbeidet stiftinga gjer, valde han å donera heile barndomsheimen til Gjestgjevargarden.
— I takksemd for mange gode vitjingar i mange år og for det gode arbeidet stiftinga gjer, skriv 89-åringen i gåvebrevet.