ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Dømt for overgrep mot barn
To søstrer frå ein annan kant av landet melde mannen som i dag er i 70-åra, til politiet i desember for tre år sidan. Det var etter at yngste søster som var i starten av tenåra røpte for ein helsesjukepleiar på skulen at ho hadde blitt utsett for seksuelle overgrep nokre år tilbake. Ho fortalte også at søstera som var to år eldre, var utsett for same overgrep av same mann, men litt lengre tilbake i tid. Då overgrepa starta var yngste jente berre fem år. Mannen dei melde for utukt, er frå distriktet, og overgrepa skal ha skjedd både der og ein annan stad i landet. Mannen nekta straffeskuld då saka kom opp i Haugaland og Sunnhordland tingrett i oktober, men retten meiner søstrene si truverdigheit blir styrka i avhøyra då dei konsekvent nektar for at overgrepa er av den meir grove og seksuelle sorten. Retten si klare oppfatning er at jentene ikkje viser noko forsøk på å overdriva.
Tre års fengsel
Påtalemyndigheitene konkluderte med at handlingane mot eldste søster måtte leggjast bort fordi saka var forelda, men mannen blir dømt for brot på straffelova, paragraf 301; for seksuell omgang med barn under 14 år. Valdtekta er grov fordi det særleg blir lagt vekt på den fornærma sin alder på handlingstidspunktet, og at det har skjedd gjentatte overgrep».