Illustrasjonsfoto: Torstein Tysvær Nymoen

Dødsulykke på E39: Trafikken vil stå stille i mange timar

Skal du nordover til Fitjar eller Bergen måndag kveld, må du rekna med å køyra om Fitjar via Sagvåg. Ei alvorleg møteulykke mellom semitrailer og personbil har stoppa trafikken, og vegen vil vera stengt i fleire timar.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 16.28 i dag rykte nødetatane ut etter melding om ei alvorleg trafikkulukke på E39 ved Raunholm/Eide i Fitjar kommune, mellom Sandvikvåg og Leirvik. Det er meldt om ein kollisjon mellom ein personbil og ein semitrailer, der éin person sat fastklemt i bilen. Denne personen, ei kvinne i 30-åra er stadfesta omkomen.

Omkøyring

Vegtrafikksentralen vest melder at E39 er stengt ved ulukkesstaden. Det er sett opp omkøyring via fylkesveg 545 gjennom Fitjar sentrum. Ifølgje dei siste oppdateringane kan vegen bli stengt i fleire timar, og folk som skal med ferja frå Sandvikvåg til Halhjem må rekna ekstra tid grunna omkøyringa.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS