Illustrasjonsfoto
Dødsfall i Vindafjord
Ein mann i 50-åra døydde i Sandeid-området laurdag kveld.
Klokka 21.30 laurdag fekk politiet melding om funn av ein person i ei mindre elv i Vindafjord. Naudetatane vart varsla og rykte ut. Det vart sendt redningshelikopter mot staden, men personen vart erklært død før helikopteret kom fram. Familie og vener var ute og leita etter personen då han ikkje kom heim som avtalt etter å ha gått tur. Hovudhypotesen til politiet er at personen hamna i elva som følgje av ei ulukke. Den avdøde er ein mann i 50-åra. Pårørande er varsla om dødsfallet, opplyser Politiet i Sør-Vest i politiloggen.
Kom ikkje heim frå tur
Like over klokka 00.15 natt til søndag opplyser operasjonsleiar Roger Litlatun i Sør-Vest politidistrikt at ulykkesstaden er i nærleiken av Sandeid, der mannen også kjem frå. Politiet er ferdige på staden og har gjort avhøyr.