Svein Richard Brandtzæg er leier distriktsnæringsutvalet.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Distriktsarbeidsplassar hindrar ikkje sentralisering
Næringslivet i distrikta skaper store verdiar, og befolkningsnedgangen i distrikta kjem ikkje først og fremst av mangel på arbeidsplassar eller næringspolitisk innsats.
Det er ein av hovudkonklusjonane i ei ny utgreiing frå Distriktsnæringsutvalet.
Utvalet som er leidd av tidlegare Hydro-sjef Svein Richard Brandtzæg, overleverte onsdag utgreiinga si til statssekretær Lucie Katrine Sunde (NFD) og statssekretær Raymond Robertsen (KMD) på Frosta i Trøndelag.
— Næringslivet er grunnmuren i levande og berekraftige lokalsamfunn. Utgreiinga gir oss ny kunnskap og innspel til å forstå utfordringar og behov i distriktsnæringslivet. No ser eg fram til å sette meg grundig inn i forslaga og jobbe vidare med å vidareutvikle ein distriktspolitikk som ruster oss for framtida, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding.
Rapporten viser at det går godt for store delar av næringslivet i Distrikts-Noreg. Viss ein ser bort frå finansnæringa, har bedrifter i dei minst sentrale kommunane i Norge hatt sterkare vekst i verdiskapinga og produktiviteten enn gjennomsnittet for landet dei siste ti åra.
Ikkje mangel på arbeid, men andre tilbod
Eit satsingsområde i distriktspolitikken har i mange år vore å stimulere til arbeidsplassutviklinga i distrikta. Analysane til utvalet viser derimot at årsaka til at folk flyttar til sentrale strøk, i mindre grad handlar om mangel på arbeidsplassar.
Utvalet meiner derfor at ein effektiv distriktspolitikk i tillegg må bestå av eit breitt spekter av tiltak som gjer det attraktivt å flytte til eller bli verande i distrikta. Eksempel på dette er utflytting av statlege arbeidsplassar for å bidra til meir varierte arbeidsmarknader, gode fritidstilbod, tilgang til skular og barnehagar, bustader og kulturtilbod.
Distriktsnæringsutvalet er eitt av to utval som vart varsla i Distriktsmeldinga i fjor haust. Det andre utvalet – Demografiutvalet – skal sjå på konsekvensane av demografiutfordringar i distrikta, og skal vere klar ved juletider. Til saman skal dei to utvala gi eit oppdatert kunnskapsgrunnlag til å vidareutvikle distriktspolitikken.