Dette Westcon-skipet er ein hit på internett
Den pelagiske trålaren MS Taits» blir døypt ved Westcon Yard i Ølensvåg komande laurdag. Eit bilete frå brua på skipet har gått viralt.
— Det er eit utrolig flott skip. Vi er stolte og særs glade for at reiarlaget Klondyke valte Westcon til bygge skipet. Dette er i tråd med Westcon sin satsing på å levere kvalitetsskip til kvalitetsreiarlag, seier Endre Matre, leder for skipsbygging ved Westcon i ei pressemelding.
Skroget er bygget i Gdansk og vart sjøsatt der i februar fjor. I juni kom det til verftet i Ølensvåg kor personell både Westcon Yards og Westcon Power & Automation jobba med å ferdigstille skipet.
Internett-hit
MS Taits» er den andre båten som Westcon bygger for det skotske reiarlaget Klondyke Fishing Company.
— Vi er særs nøgd med samarbeidet med Westcon, både i byggefasen og med skipet dei har levert. Nå ser vi fram til å sette båten i drift, seier Peter Willie Tait.
Det 74,8 meter lange og 15,5 meter breie skipet er proppfullt av ny teknologi som gjer skipet både tryggare og meir effektivt.
Eit bilete av skipet sitt navigasjonssystem på brua er ifølgje Westcon blitt delt over ein kvart million gongar i sosiale media hittil.
— Det har vore gøy å sjå korleis nyvinningane har engasjert mange i bransjen, seier Matre.
Det skotske reiarlaget skal bruke båten til å fiske etter pelagiske fiskeslag som sild, makrell og kolmule.
Mer enn rigg
Westcon Yards, som har avdelingar i Ølen, Karmsund, Florø og Nesna på Helgeland, har investert meir enn 300 millionar kroner i oppgraderingar for å styrke sin posisjon inn mot tradisjonelle marknadar som fiskeri, industri og forsvar.
— Vår strategi er å bygge aktivitet utover offshoremarknaden, og vi er særs nøgde med at vi gjennom denne leveringa visar at vi framleis er konkurransedyktig innan bygging av fiskebåtar. Det er ein tøff, internasjonalt marknad, og saman med våre tilsette er vi nøgde med å kunne sjå resultatet av fleire års hardt arbeid, seier Matre.