Pukkellaks. Illustrasjon: U.S. Fish and Wildlife Service
Det kan gå mot pukkellaksår i elvane
NPK: Rekordfangstar av pukkellaks på forskingstokt kan tyde på kommande invasjon i lakseelvane.
Pukkellaksen invaderte norske elvar i 2017 og 2019. Mykje tyder på at det blir slik også i år.
— Vi har aldri før fått like mange pukkellaksar i trålen, fortel havforskar Kjell Rong Utne om fangstane frå det årlege maitoktet i Norskehavet, på nettsida til Havforskingsinstituttet.
Fartøy frå Noreg, Island, Danmark og Færøyane er ute for å kartleggje først og fremst silda, men også andre artar. Dei trålar over store havområde.
— Både vi, det færøyske og det danske fartøyet har fått fangstar med pukkellaks. Vi har fått både meir av dei og over eit større område enn i pukkellaksåra 2017 og 2019, seier Utne, som forskar på laksen i havet.
I 2017 og 2019 blei det fanga høvesvis 53 og 24 pukkelaksar. I år er totalen 91 stykk. I eitt trålhal var det 28 stykk.
Gjennom HI sitt nettverk av fiskarar i den såkalla referanseflåten har forskarane også fått meldingar om bifangst av pukkellaks. I enkelte kast blei det fanga 30–40 fisk.
Ingen veit førebels ikkje kor mykje av pukkellaksen som vil gå opp i elvane.
— Det er definitivt pukkellaksår, men det er vanskeleg å spå mengdene og kor dei kjem til å treffe land, seier forskar Eva Thorstad i Norsk institutt for naturforsking.