Der heile bygda er i 4H
Få slår Imsland når det kjem til 4H. Her er nesten 90 prosent av barn og ungdom medlem, noko som gir seg utslag i stor plakett-heider.
Nina Rønnevik, Eivind Langeland, Merete Imsland Birkeland og Oskar Marvik kom i sentrum under Hauk 4H sin haustfest i helga. Kvartetten fekk kvar sin plakett, samt blomar og diplom, med takk for mange års innsats for klubben.
Klubbrådgivar Kristin Hansen synest det er vemodig når ungdommen takkar for seg, men konstaterer at Hauk 4H står sterkt i bygda.
— Me har 35 medlemmar og berre ei handfull ungdom i aktuell alder er ikkje med. Nesten heile bygda stiller på dugnad og er med ein eller annan måte og lagar når me skal ha fest eller andre arrangement i regi av 4H, seier ho.