Småbruket Fostenes ligg like ved kommunegrensa mellom Vindafjord og Tysvær. Kjem du køyrande frå aust, må du passe på å smette av frå europavegen i dei få sekunda du veit du har til rådigheit, før det brått kan vere ein ny bil på veg ned bakken frå Hodnafjellet. Kjem du heilskinna frå manøveren, køyrer du vidare eit par kilometer langs den smale grusa Breivikvegen, nedover mot Skjoldafjorden. Og så må du følgje godt med, for det er fort gjort å køyre forbi. Men når Grannar kjem på besøk, passa Anne Grete Meling på å vente ved vegen. Med det lange lyse håret flagrande i haustdraget, var det lett å forstå at me var kome fram. Småbruket består av to små hus på nedsida av Breivikvegen.
— Dette var fritidseigedomen til svigerforeldra mine, som Gerhard og eg var så heldige å få overta, fortel ho.
På andre sida av vegen ligg ein hangarhall, som ein gong høyrde til det britiske forsvaret. Den kom til Skjold etter at kunstnarparet kjøpte den av ein hestehandlar på Stord. Det er inn i hangaren ho viser veg.