Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Førre veke var det registrert 139 tilfelle av deltavarianten av koronaviruset her i landet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Førre veke var det registrert 139 tilfelle av deltavarianten av koronaviruset her i landet.

Deltavarianten påvist fleire stader

NPK-NTB: Talet på tilfelle med deltavarianten av koronaviruset aukar veke for veke. Førre veke var det registrert 139 tilfelle i landet.

Ifølgje Folkehelseinstituttets siste vekerapport har talet på stadfesta tilfelle med deltavarianten, også kjent som den indiske varianten, auka frå 50 tilfelle i veke 21 til 139 tilfelle til og med veke 23 (førre veke).

Denne veka er varianten òg oppdaga i Bærum kommune, Agder fylke og tidlegare Vestfold fylke.

Det er ikkje kjent kvar i Agder virusvarianten er påvist, men fylkeslege i Agder, Anne-Sofie Syvertsen, seier til Fædrelandsvennen at det er sannsynleg at deltavarianten òg vil få fotfeste i fylket.

Ifølgje Asker og Bærum Budstikke fekk éin person i Bærum påvist virusvarianten måndag. Kommunen veit framleis ikkje korleis mannen har vorte smitta. Her er ytterlegare ein person ved arbeidsplassen til mannen er smitta, men det er ikkje sikkert at desse to tilfella heng saman – eller om det dreier seg om deltavarianten i det andre tilfellet.

I starten av denne veka vart det kjent at deltaviruset òg er oppdaga i nabokommunane Tønsberg og Færder. Her har koronareglane vorte stramma inn i etterkant.

Ifølgje FHI gir deltavarianten meir alvorleg sjukdom enn alfavarianten og smittar lettare.

180 nye koronasmitta siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 180 koronasmitta i Noreg, 34 ava desse i Oslo. Det er 32 færre enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 173 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 219, så trenden er fallande.

Ved midnatt natt til torsdag var det utført 5,9 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.

I alt har 128.679 personar testa positivt.

Til no har 2.006.013 personar fått første dose av koronavaksinen, og 1.365.062 personar har fått andre dose.

Onsdag var 45 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var to færre enn dagen før.

Til saman er 790 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

58,2 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 17 dødsfall i Noreg.

Powered by Labrador CMS