Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Sverre Tørresdal (97) på den gamle skulen i Tørresdal.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Sverre Tørresdal (97) på den gamle skulen i Tørresdal.

Deler skuleminne frå gamle dagar

Publisert Sist oppdatert

— Eg var så glad i skulen at eg grein siste skuledagen. Eg hadde det kjekt på skulen og Tørresdal var eit samfunn det var godt å leva i, seier Sverre Tørresdal og minnest skuleåra på Tørresdal skule med stor glede.

For den tidlegare vatsbuen, som i dag er busett på Madla, er det stor stas å få koma tilbake til den snart 125 år gamle skulestova der han starta i første klasse i ein alder av sju år. Fredag 29. november vil han igjen ta turen over Boknafjorden for å dela sine barndomsminne med bygdefolk og andre som ønskjer å høyra korleis det var å vera skulelev på 30-talet. Med seg under forteljarstunda vil han ha sonen Tormod Tørresdal og sonesonen Ole Bernt som vil underhalda med song og musikk.

— Far skal fortelja om korleis det var å vera elev her og om dugnadsånda i bygda. Me skal spela og syngja. Me gler oss i ein heil haug til å koma, seier Tormod som har laga alle songane som den vesle gruppa Berdines Bjørnevaags Orkester vil framføra.

Powered by Labrador CMS