Konfirmantane var flaggberarar i front av toget. Her gjer Didrik Kvammen Haugen (framme f.v.), Nikolai Tendal, Kristoffer Klungland (bak f.v.) og Peder Rygg Haugen seg klare før start.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Del 17. mai-gleda med Grannar!
I dag blir nasjonaldagen feira med tog, korpsmusikk, feststemning og norske flagg frå fjord til fjell. Grannar vil vera ute med journalistar for å dokumentera festdagen i bygdene våre, men me rekk ikkje innom alt som skjer gjennom dagen.
Derfor håpar me at du vil hjelpa oss! Send dine blinkskot frå nasjonaldagen – enten det er frå 17. mai-toget, russen, korpset, drilltroppa, kakebordet eller leikar for store og små. Me vil laga eit stort nettalbum som viser mangfaldet, tradisjonane og fellesskapet på nasjonaldagen i Etne og Vindafjord.
Programmet for 17. mai i Grannar-distriktet kan du lesa her