Prognosane viser ein dårlegare kornhaust enn først venta.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Dårlegare kornhaust enn venta: Må satse på import
Rapporten frå Felleskjøpet Agri om tilgangen på norsk korn for sesongen 2024/2025 viser at vi har mindre korn enn det som var venta tidlegare i haust.
Prognosane viser at tilgangen på kveite er spesielt låg, 67.900 tonn, samanlikna med dei fem siste åra. Likevel har det skjedd ein auke sidan i fjor.
Den låge tilgangen på kveite fører til at det er behov for import. Totalt er det venta at Noreg må importere 195.400 tonn kveite. I tillegg vert det estimert å måtte importere 7000 tonn rug og 23.500 tonn havre.