Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Daniel Holten pussar forma

Publisert Sist oppdatert

I det gamle meieriet midt i Vikedal sentrum står ein ung bilentusiast og mekkar bil. Omgitt av hyller fylt med reservedelar, dekk og motordeler skrur han på motoren som forhåpentlegvis skal fungera prikkfritt gjennom neste sesongs mange billøp. To store verktøytraller fullpakka med alt ein kan tenkja seg av verktøy står midt på golvet og innan rekkevidde for den travle mekanikaren.

Alt har sin faste plass her inne. Alt er på stell. Ryddig og fint. Nesten litt for ryddig til bilverkstad å vera. Men Daniel Holten likar system og orden. Då er det lettare å jobba. Og det blir mykje jobbing og lange dagar når ein ny bilsesong snart står for døra. Kvar dag etter at jobben ved den mekaniske verksemda MCE i Etne er over, ber det som oftast rett av garde til verkstaden heime i Vikedal.

— Det blir intens jobbing dei siste månadane før sesongen startar. I år er eg tidleg ute slik at eg får testa bilen i god tid før løpa starar, seier 25-åringen nøgd og justerer litt på motoren.

Powered by Labrador CMS