Dagsturhytta på Leiteshaugen er nydeleg plassert med utstikt over både fjell og vatn.
Foto: Svein Egil Økland / Økland foto
Dagsturhyttene er opne for alle
Dagsturhyttene som no står fiks ferdige for ålmenta er eit fantastisk tilbod for dei som ikkje nødvendigvis er fjellgeiter, men likevel likar å ta seg ein tur. Hyttene ligg relativt nære parkeringsplassar og skal vera tilgjengelege for alle. Dei er utstyrte med mange sitjeplassar, god vedomn, litt puter og pledd, og ikkje minst; eit nynorsk minibibliotek for dei leselystne. Hyttene har også solceller.
Leiteshaugen
I Etne er dagsturhytta plassert på Leiteshaugen i fjellområdet Rus. Leiteshaugen står som Litle Urdahaugen» på mange kart. På folkemunne blir område omtala som Leiteshaugen. For å komma seg til Leiteshaugen køyrer ein halvannan kilometer frå Etne sentrum og austover langs E134. Like før brua tar ein av til høgre og køyrer to kilometer vidare over Fossa. Sving til høgre når du kjem til Rusvegen, og følg den private, og litt humpete grusvegen fire kilometer oppover til du kjem til parkeringsplassen på Rus. Her kostar det 40 kroner å parkera, og betalinga kan du gjera via Vipps.