Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det er ei slik dagsturhytte som blir plassert ved Rus i Etne.ILLUSTRASJONSFOTODagsturhytta skal plasserast lett tilgjengeleg for alle rundt 20 minuttar til fots frå parkeingsplassen på Rus. Illustrasjonsfoto : Stig Roar Eide
Dagsturhytta skal plasserast lett tilgjengeleg for alle rundt 20 minuttar til fots frå parkeingsplassen på Rus. Illustrasjonsfoto : Stig Roar Eide

Dagsturhytta kjem til sommaren

Publisert Sist oppdatert

For snart eitt år sidan bestemte kommunestyret at ei dagsturhytte skulle setjast opp i kommunen. Innbyggjarane blei invitert til å koma med innspel og etter at fristen gjekk ut sist haust låg det 14 forslag på bordet. Koronasituasjonen sette ein brems på arbeidet til nemnda som skulle sjå på forslaga, men nå er alle forslag vurdert og valet tatt. Det måtte bli Leiteshaugen på Rus i Etne.

— Forslaget var samrøystes. Det var viktig å få til ein avtale med grunneigarane, og me er svært takksam for at alle er positive, seier leiar for kulturetaten i Etne kommune, Morten Odeen som saman med kommunedirektøren, leiar for utvikling, representantar frå ungdomsrådet, råd for menneske med nedsette funksjonar, turlaget og frivilligsentralen kom fram til plasseringa.

Dagsturhyttea vil liggja rundt ein 20 minuttars spasertur langs ein nybygd veg frå parkeringsplassen på Rus. Eitt av kriteria for plassering er at hytta skal vera lett tilgjengeleg for personar i alle aldrar og funksjonsnivå, men sjølv om det ikkje er mogeleg for rullestolbrukarar å nå heilt fram til hytta slik den skal plasserast, er det lite som skal til for å laga veg heilt til hyttedøra.

Powered by Labrador CMS