Flåte og Frette i Stordalen ser ut til å ha fått den verste støyten i dei ekstreme vindkasta under uvêret Gerrit onsdag kveld og natt til torsdag.
— Dette kjeet kom i natt, fortel Kristian Nordgård og løfter opp ein flott og litt forskrekka liten krabat.
Den litle firbeinte var ikkje venta å kome til verda før til helga. Men då stormkasta blåste inn fire vindauge og pressa bordkleding og isolasjon inn på ristene i geitefjøset på Flåte blei truleg mora så stressa at fødselen blei sett i gang tidleg.