Då industrigrisen kom til Etne

Etne blir rekna som ei jordbruksbygd, ja faktisk ei av dei største i Hordaland, så […]

Publisert Sist oppdatert

Etne blir rekna som ei jordbruksbygd, ja faktisk ei av dei største i Hordaland, så det ville vore heilt naturleg at ein fekk ei industriutvikling innan grisefabrikk, som kan dra meir med seg. Som det ser ut, er det ikkje alle som er så glade for det. Grisen er som kjent eit reinsleg dyr, og som eg vil tru, dei fleste ser fram til og bli betre kjent med, i alle fall om søndagen.
Ein skal vera glad for all industri som kjem, og å kunne sjå det store i det små, som vil voksa i dette sentrumsindustriområdet i framtida. Det beste er å samordna desse industrigreiene i området, for på beste måte kunne sjå alt i ein heilskap. Der alle planane passar inn i kvarandre, både med grisen, idretten og ikkje minst dette cowboy-anlegget, som kan kome.
Men som ein sa eingong: det verste er lukta. Det var ein som hadde kjøpt seg ein liten kosegris som han hadde i huset, og som sov på soverommet. Då naboen spurte kva han tenkte på, som hadde grisen på soverommet, svara han: Det verste var lukta, men eg trur grisen har vent seg til den nå».
Slik er det med det meste, men som alt anna vil dette og til slutt gå seg til, vil eg tru. Ein bør i utgangspunktet ønskje all industri velkommen, og vera glade for at nokon vil satsa, sjølv om ikkje alt er stål, sand, øl og song.
Lykke til med industrisatsinga og utviklinga i sentrum av Etne-bygda.

Ove Wiland
Skånevik

Powered by Labrador CMS