Dei første meldingane om at det blir cruisefart på norske fjordar i sommar er stadfesta.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB / NPK
Cruiseskipa kjem
NPK: Fred. Olsen Cruises har lagt ut totalt 11 ruter til destinasjonar i Storbritannia, Færøyene og Noreg for turistar i sommar. Skipet Balmoral» skal segle frå Edinburgh til mellom anna Lysefjorden, Sognefjorden og Hardangerfjorden på ein fem dagar lang seglas, frå 31. juli.
Det britiske cruisereiarlaget Fred. Olsen Cruises lanserer no kampanjen Welcome Back», som ei markering på at dei planlegg dei første seglasane sidan pandemien ramma selskapet i fjor vår, skriv E24. På ei av desse rutene, går ferda til norske fjordar med eit fem dagar langt cruise frå Edinburgh via Lysefjorden, Sognefjorden og Hardangerfjorden.
Reiarlaget vil vere nøye med smittevernet når dei no lanserer nye seglasar.
– Ruta til Noreg vil bli gjennomført utan hamnebesøk eller andre moglegheiter for å gå i land, seier Ellis Barker, pressesjef i Fred. Olsen Cruises, til E24.
Alle gjester må ha tatt ein covid-19-test før dei går om bord, men vaksinasjon blir truleg ikkje eit krav. Men reiarlaget ventar på oppdaterte reiseråd frå dei britiske styresmaktene 12. april, for endelege tur-reglar.
Som følge av koronarestriksjonar, gjekk selskapet i underskot med over éin milliard kroner i 2020, samanlikna med eit overskot på 38 millionar året før, skriv E24.