Chris imponerte på Beitostølen

Chris hadde god grunn til å smile etter tikilometeren i Valdres. Han fekk den starten […]

Publisert Sist oppdatert

Chris hadde god grunn til å smile etter tikilometeren i Valdres. Han fekk den starten som betyr mykje for sjølvtilliten og vidare flyten. Jespersen fekk som han sjølv uttrykte det, ein del nyttige svar. 21-åringen la før start ikkje skjul på at han var spent før den nasjonale sesongopninga.
— Eg føler eg har ein god del å bevise ettersom førre sesong ikkje var spesielt bra for mitt vedkommande. Etter ein forholdsvis bra start gjekk det tungt på etterjulsvinteren, sa Chris, som fekk fornya tillit på rekrutteringslandslaget. Det gjorde han først og fremst i kraft av det som blei prestert vinteren før. Trenar Morten A. Djupvik har aldri lagt skjul på at skiforbundet har stor tru på fristilspesialisten. Han har ikkje forandra meining sjølv om resultata uteblei i fjor.
— Chris må få tid på seg. Han er på langt nær den einaste som har fått erfare at det er tøft å ta steget opp i seniorklassen. Frode Estil og dei beste brukte mange år på å ta opp kampen med dei beste, sa Djupvik. Han meiner både dei og juniorverdsmeisteren må vere tålmodige.
— Det handlar om å byggje stein på stein, sa forbundstrenaren. Nordfjordingen var svært tilfreds med sin disippel på Beitostølen. 16. og 30. plass var betre enn forventa. Spesielt ettersom det har blitt mykje mengdetrening den siste tida. For eitt år sidan prøvde det lokale talentet å prikke inn ein formtopp til sesongopninga.
Det fungerte så dårlig at han ikkje var inne på tanken om å kjøre eit tilsvarande opplegg i år. For han er det langt viktigare å gå fort seinare i sesongen. NM er eitt av vinterens store mål.
— Eg har eit langsiktig perspektiv på satsinga. Det primære for meg er å ta nye steg, sa han, som gjorde ein del grep i forkant av denne sesongen. Først og fremst med tanke på at han skal stå betre rusta til å møte vinterens utfordringar. Chris er klar over at han må jobbe hardt for å bli meir stabil på eit høgare nivå. Den utfordringa er han førebudd på å ta.
Dersom han held fram å prestere kan det etter kvart bli representasjonsoppgåver. Skandinavisk Cup er det som er mest aktuelt for Chris, som har opphalde seg mykje i Meråker i haust. Der har han fine treningsforhold. I helga kom også den første snøen i Magnar Lundemo sine heimtrakter. Det betyr i så fall at det blir fine skiforhold framover. BUL-sprinten om to veker blir etter all sannsynlighet neste oppgåve for Chris, som framleis kjem til å prioritere mengdetrening.

Powered by Labrador CMS