Barokkensemblet blir å finna på scenen under årets Kulturnatt i Etne.
Foto: Privat
Byr på musikk for ein kvar smak
Årets Kulturnatt i Etne byr på eit variert musikalsk program med musikalske sjangrar som spenner frå viser og jazz til barokkmusikk og country.
Kulturnatt 2023 i Etne startar med konsert på Etne omsorgssenter laurdag ettermiddag. Sidan går det slag med musikalske innslag til langt over midnatt.
— Det blir variert. Me er godt nøgd med samansetning av programmet og har eit utval av artistar der dei fleste har lokal forankring, seier Torbjørn Reiso som har vore med på å skru saman årets program.
Nytt av året er at aktivitetar og program for barn og unge på dagtid går ut.