Brenn for historie og køyretøy
I yrkesaktiv alder var det store maskinar Sigmund Tveit handterte som entreprenør i sitt eige aksjeselskap, Tveit Maskin AS. I år fyller han 96 år, og no er det mindre doningar» han brukar tida si på. Doningen» er også namnet på den siste oppfinninga Sigmund har brukt hausten og vinteren på å skru i saman. Ein batteridriven trehjuling, laga av aluminium, som både kan køyra framover og bakover, med ei maksgrense på ti kilometer i timen. Heilt topp når han og kona Edith (90) skal på bubiltur til sommaren.
— Ofte er det langt å gå frå bubilen til butikken når me er på tur, og når me har passert 90 begge to har me behov for sykkel eller anna hjelpemiddel. Så denne skal me ha med oss på sykkelstativet på bubilen, når me reiser på tur, seier 95-åringen og susar bortover vegen.
Doningen» er eit praktisk hjelpemiddel, og kan demonterast før han blir plassert på sykkelstativet. Setet og batteriet kan Sigmund leggja bak i bagasjerommet på bubilen, noko som både er tørt og praktisk.