Breie band over bygdene
Avtalen går over sju år, og kostnadene er fordelt med 7,1 millionar kroner for nye […]
Avtalen går over sju år, og kostnadene er fordelt med 7,1 millionar kroner for nye Vindafjord og 2,8 millionar for Etne kommune. Når infrastrukturen er på plass, kan næringslivet og privatpersonar kopla seg på. Dette var ikkje minst ordføraren i Etne, Amund Enge, oppteken av.
— Dette er kjempeviktig for alle. Me skal vera ein bjøllesau som skal dra dette heim, slik at innbyggjarane våre kan dra nytte av det, sa Enge.
— Det er ein viktig del av den samfunnsbyggjarrolla kommunen har, sa rådmann Elling Hetland, som har forhandla fram avtala i samarbeid med prosjektleiar Helge Thorheim i nye Vindafjord.
Sparer på IT
For den nye kommunen, som får dei administrative nøkkelfunksjonane spreidd i fleire bygder, betyr opplegget innsparingar på IT-budsjettet. Alle dei kommunalt tilsette kan arbeida opp mot stormaskinar på Eiotunet i Ølen. Med tunge tekniske program, ville det vera uråd med det nåverande opplegget.
Med fiberoptikken installert kan kommuneadministrasjonane etablera IP-telefoni, og dermed vert telefonkostnadene monaleg reduserte.
Rask som lynet
Dei fleste av tilknytingspunkta i nye Vindafjord får overføringskapasitet på 100 megabit/sekund. Nokre få stader vil kapasiteten gå ned til 2 megabit/sekund. Sjølv dette er fleire gonger raskare enn dei fleste breibandsløysningane som er vanlege i dag.
I Etne er situasjonen den same, men i den langstrekte kommunen er nokre områder i nord og aust haldne utanom avtalen. Ordførar Enge lovar at mellom anna Fjæra skal knytast til breibandsnettet på annan måte.
Haugaland Kraft set straks i gang utbygginga frå Ølen mot Sandeid og Vikedal. Det skal vera ferdig i haust, og i løpet av neste år skal resten av fibernettet vera på plass. Mange stader vert fiberen lagt langs høgspentleidningane. Jordkablar og sjøkablar er andre måtar å strekkja IT-motorvegen mellom bygdene.
Breiband til Imsland
I kontrakten er det stilt føresetnad om at Haugaland Kraft også skal tilby breibandtenester til private bedrifter og til hushaldningar. Kven som får tilbodet, og når, er vanskeleg å seia nå. Det vil neppe vera økonomisk rekningssvarande å byggja ut fibernettet i dei mest grisgrendte stroka. Samstundes er det klårt at avtala mellom Haugaland Kraft og fører dei topp moderne IT-linjene nærare mange av innbyggjarane. Utbygginga skal skje gradvis, men prosjektleiar Thorheim lovar konkret at Imsland skule og Bjoa skule skal vera inne på nettet innan utgangen av neste år.
— I løpet av dei neste par åra, vil me koma med konkrete tilbod til private i desse kommunane. Avtalen opnar nye marknader, også for private, stadfestar Jan Håland, som er divisjonssjef for breibandsutbygginga i Haugaland Kraft.
Delar av Tysvær og Haugesund er bygde ut på denne måten. Vanlege familiar som er knytte til nettet, har 4 megabyte internettilkopling, to telefonlinjer og tjue fjernsynskanalar. Heile pakka kostar 852 kroner i månaden, men då kan ein kutta ut abonnentsavgifta til Telenor og ringja gratis til alle fasttelefonar i heile landet.