Ein tidlegare brannsjef har saksøkt Etne kommune for det han meiner er rettsstridig omplassering.
FOTO: HENNING TYSVÆR NYMOEN
Brannsjefen har saksøkt kommunen
Tidlegare brannsjef har saksøkt arbeidsgjevaren sin etter at han blei omplassert frå stillinga si i fjor haust. Saka skal opp for Haugaland og Sunnhordland tingrett i september, og spørsmålet er om omplasseringa var innanfor arbeidsgjevaren sin styringsrett, eller om det i realiteten var ei ulovleg oppseiing.
Tvistepunkta i saka blei gjennomgått i eit planleggingsmøte i retten 24. februar. Gjennom innsyn i rettsboka frå møtet, som Grannar har fått tilgang til etter søknad til domstolen, går det fram at den tidlegare brannsjefen meiner vedtaket om omplassering er ei såkalla endringsoppsseiing, og at det ikkje har vore sakleg grunnlag for denne. Han krev at oppseiinga blir kjent ugyldig og meiner at omplasseringa er i strid med arbeidsmiljølova.
Kommunen, på si side, hevdar at vedtaket er lovleg og innanfor arbeidsgjevaren sin styringsrett. Etne kommune avviser også skuldingane om at omplasseringa er ei ulovleg gjengjelding etter at den dåverande brannsjefen varsla om det han meiner var kritikkverdige forhold av kommuneleiinga si handtering av den vedtekne brannordninga.