Brann i garasje
Det brenn i ein garasje på Bjoa, og politiet ber naboar om å lukka vindauge og stenga ventilar då røyken kan vera farleg grunna bilbatteri som brenn
Politiet melder søndag om ein brann i ein garasje på Bjoavegen. Meldinga kom klokka 16:02, og det blir opplyst at det skal vera ein del bilbatteri i den aktuelle garasjen. Nødetatane frå Ølen brannstasjon rykker ut til staden.
Første eining på staden melder om mykje flammer og røyk. Garasje er tilnærma nedbrent. Politiet opplyser at røyken kan vera farleg grunna bilbatteria og andre ting i garasjen. Samtidig så er brannen også i nærleiken av en høyspentleidning.
Operasjonsleiar Steinar Knudsen ber naboar lukka vindauge, ventilar og stenga ned ventilasjon. Per nå er det ein ugunstig vind mot bygningar. Røyken blir sett på som farleg og alle mannskap frå nødetane som skal inn i området må ikle seg røykdykkarutstyr. Haugaland Kraft er varslet grunna høgspentleidninga.
Oppdatering klokka 17:25
Politiet melder om kontroll på staden. Dei er ferdige med undersøkingar, og brannvesenet blir igjen ei stund for å hindra at flammene blussar opp igjen. Bebuarar i hus får bli, og røyken skal vera tilnærma borte.
Det blir oppretta sak, opplyser operasjonsleiaren.