Bøndene ber om fleire tiltak for å bøte på dei auka utgiftene sine.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Bøndene ber om krisetiltak
– Prisen landbruket opplever no, er ei dobling opp mot i fjor, seier leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag til Dagbladet.
Regjeringa har til no komme med krisepakkar som skal kompensere for auka straumprisar, matkorngaranti og løfte om ekstra tilskotsutbetaling. Gimming meiner det ikkje er nok.
– Regjeringa peikar stadig på jordbruksoppgjeret som kjem i mai. Vi treng tydelegare signal no, seier han.