— Dette kjem eg aldri til å gløyme, seier Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).
Det er fredag ettermiddag, og ein tydeleg rørt ordførar har akkurat vorre vitne til eit syngande og dansande følgje på om lag 40 personar, dei fleste afrikanske, som dansa og song seg i frå kommunestyrestalen i Vindafjord rådhus, ned trappa og ut på parkeringsplassen.
Høvet var vigselen til Catherine Chimba og Nils Torgrimsen. Ølen-paret vart historiske då dei var det første paret som gifta seg på rådhuset i Vindafjord etter at kommunane tok over ansvaret for vigslane frå tingretten ved nyttår.