Ivrige med å løysa nye oppgåver. F.v. Raun G. Hesjedal (10), Eliam Årland Arefjord (11), Vegard Opheim Rognøy (12) og Ida Samland Tendal (12) har fått i oppgåve å markera partal og oddetal på rutebrettet som er teinka på asfalten.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Blant landets beste i matte-maraton
Det blei nye matematiske utfordringar, denne gongen med kritt ute på asfalten, då teamet bak det nasjonale MatteMaraton kom på besøk. I løpet av mai månad løyste elevane ved Skånevik skule over 37.000 matteoppgåver og la bak seg rundt 4.400 kilometer. Det flotte resultatet kvalifiserte til skulepremie og celebert besøk.
For andre året på rad melde Skånevik skule seg på årets MatteMaraton i regi av den norskutvikla nettbaserte læremiddelplattforma Kikora. I ti år har programvareselskapet invitert skular over heile landet til MatteMaraton i mai månad. Målet med konkurransen er å fremja interessa og engasjement for matematikk, samstundes som elevane får i oppgåve å halda seg fysisk aktivt. For å fullføra eitt maraton må kvar elev løysa 422 matematikkoppgåver og leggja bak seg 42,2 kilometer. Elevane kan fullføra så mange maratondelar dei ynskjer, og for kvar fullført maraton får dei eitt lodd som inngår i ei trekning blant alle deltakarane.
I år deltok 200.000 elevar over heile landet, og ved 30 skular klarte over halvparten av elevane å fullføra. Blant desse var Skånevik skule som blei heidra med besøk av MatteMaraton-teamet som stikk innom alle dei 30 beste skulane i landet for å gratulera med den flote innsatsen. Torsdag var det Skånevik skule sin tur.