Fleire som får rusbehandling, er avhengige av kokain, ifølgje Blå Kors.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Blå Kors: Fleire pasientar er avhengige av kokain
– Det er første gong vi ser ein markant auke i kokainbruk blant pasientane våre. Blå Kors er svært bekymra for utviklinga vi no ser, seier assisterande generalsekretær Anita Ellefsen i Blå Kors.
Ho viser til tal frå Kvarus
, eit nasjonalt kvalitetsregister for behandling av skadeleg bruk eller avhengnad av rusmiddel.
Andelen som oppgir kokain som hovudrusmiddel, har auka frå 2 prosent i 2022 til 5 prosent i 2024.