Tettare på
Bjørn Erik frå Ølen ringmerkar 2.000 fuglar kvart år
Ringmerking av fuglar har som mål å gje meir kunnskap om fuglar og miljøet dei lever i. Merkinga blir i hovudsak utført av ivrige frivillige og for fugleentusiast Bjørn Erik Paulsen (75) frå Ølen har hobbyen vore ein viktig del av kvardagen i snart 50 år.
Heime i hagen til Bjørn Erik Paulsen i Dreganesvegen i Ølen heng tre fuglenett på rekkje og rad. Netta er spesiallaga for å fanga fugl og er utforma slik at dei små flygande skapningane ikkje skadar seg når dei flyg inn i nettet. Når netta ikkje er i bruk blir dei rulla saman, men når det er tid for finna fram merkeringane blir netta opna. Så er det berre å setja seg ned og venta. Frå stovevindauget har Paulsen god utsikt mot fangstnettet, og så snart ein liten kropp har festa seg er han på plass for å lirka fuglen forsiktig ut av nettet.
— Eg ser på nettet frå stova eller eg går ut og sjekkar. Dei kan hengja opp til ein halv time, men eg merkar ikkje om det er mykje regn eller vind, eller om det er mykje sol. Det kan vera farleg for fuglane, seier Paulsen som startar ringmerkesesongen i juli og held det gåande til november.
Skade på fuglar som flyg i nettet er sjeldan å sjå, men uhell kan oppstå. Svoltne pusekattar på jakt etter ein godbit kan vera ei utfordring, og enkelte gonger kan rovfugl gå til angrep.